← Tilbake til intervjuer
13. januar 2026

Stig Magne Evju Brekken

Med idéar som boblar over, hjartet planta i mental helse – og ei sunn frykt for å traumatisere nieser – bruker Stig Magne Evju Brekken rollespel til å utforske kjensler, fellesskap og det å vere menneske.

Med idéar som boblar over, hjartet planta i mental helse – og ei sunn frykt for å traumatisere nieser

Stig Magne Evju Brekken er kanskje «han nye» i rollespelmiljøet, men energien, engasjementet og idéoverskotet tilseier noko heilt anna. Sidan han stupte inn i hobbyen i 2018 har han brukt rollespel som verktøy for å utforske mental helse, sorg, glede og sosiale relasjonar – både for barn og vaksne. I dette intervjuet fortel han om Værhårskogen, eit rollespel for barn om kjensler og ulikskapar, om det meir eksistensielle Eit siste farvel, om eksperiment som heldigvis aldri vart gjennomførte, og om kven han helst ville hatt med seg på livets store eventyr (spoiler: det er ikkje ein spelskapar).

🧍 Sei litt om kven du er – i og utanfor rollespelverda si verd!

I rollespelverda, (slik eg kjenner det til tider): Eg er han nye som eigentleg ikkje har så lang fartstid, men som samstundes ikkje klarar å halde munn, og som ivrig fortel (som ein liten unge på koffein og marshmallows) om den nye idéen han har fått til ein vri på det og det spelet.

Han som tek kvart einaste «å?», «ja» og «hmm» som eit tydeleg hint om å halde fram med å fortelje.

Men, om eg skal realitetsorientere meg sjølv litt, så er eg ein fersk utviklar av rollespel som ønskjer å dele gleda av å setje seg ned og late som ein er nokon annan, saman med ei rekkje andre menneske.

Utanfor rollespelverda: Gift med Elisabet, bur i Tønsberg. Ingen born, men har den ufatteleg store gleda av å vere den kule onkelen til seks.

🎲 Kvifor begynte du med rollespel, og kvifor heldt du fram?

Eg starta med rollespel 28. oktober 2018. Vi var ein gjeng kompiser samla for å spele Curse of Strahd. Det vart ein kampanje som varte i 2,5 år – og han var utruleg gøy. Den opplevinga gjorde at eg stupte ut i rollespelbassenget med lukka auge og open munn.

🛠️ Kva mekker du på for tida?

Eg har fleire ting på gang. Det som tek mest tid og energi akkurat no, er Værhårskogen. Eit rollespel for barn i alderen 6–13 år, som skal hjelpe dei å navigere kjensler, bøller, ulike sosiale situasjonar, og ikkje minst forstå at vi alle er forskjellige, men samstundes ganske like.

Eit anna rollespel eg har byrja litt på, har eg kalla Eit siste farvel. Der er spelarane sjeler som kjem til venterommet mellom liv og død. Eit spel om å bearbeide sorg, sakn, glede og anger, gjennom ein karakter du sjølv lagar. Mykje av fokuset mitt ligg på mental helse, og eg ønskjer difor å bruke rollespel som ein arena for å kunne jobbe med nettopp desse temaa.

🧪 Fortel om eit rollespelrelatert eksperiment du har gjort – lite eller stort!

Eg hadde ein plan om å køyre ein kort session for niesa mi på sju år. Ho har blitt veldig kresen og pirkete på kva ho et og ikkje. Polarbrød med nugatti er greitt. Jordbær, banan og frukt generelt er, ifølgje henne, skikkeleg ekkelt. Grønsaker kan vi berre gløyme.

Eg vurderte eit sjøeventyr der ho, som Unicorn Princess, møter ein sjømann med skjørbuk, der eg kunne bruke alt eg lærde på musikk- og teaterlinja på Ringerike folkehøgskule for å portrettere all elendigheita noko slikt fører med seg. Eg slo frå meg idéen etter kvart. Fann ut at det var litt tidleg, og ikkje minst heilt unødvendig å påføre henne traume så tidleg i livet.

🎲 Kva tenkjer du ville vore effekten av ei innkjøpsordning for rollespel?

Om ikkje anna, ville det hjelpt på eksponeringa av rollespel frå små skaparkrefter. Ordninga er kanskje ikkje stor nok til å bli rik av, men ho kan truleg gi ein liten boost i sparekassa, nok til å vidareutvikle det ein held på med, eller setje i gang neste prosjekt med litt meir fridom og litt mindre kjensle av uunngåeleg undergang, som ofte følgjer med dette elsk/hat-forholdet ein har til å «føde» dette «barnet» ein ber på inni seg.

🎮 Kva spel synest du fleire burde prøve?

Monster of the Week. Helst med Thomas Celius Saldivar Pedersen som speleiar, berre for å få oppleve dei utruleg morosame, men akk så tørre punsane han kjem med.

🧭 Kva norsk spelskapar ville du helst reist på eventyr med, og kvifor?

Det kjem heilt an på kva slags eventyr det er.

Ute i skogen, anten med sverd eller gevær: Karl Otto Kristoffersen Kvifor? Har du møtt han, eller?

Oslo si mørke underverd og suspekte bakgater: Michael Stensen Sollien Kvifor? Eg veit ikkje om eg tør å svare på det …

Å manøvrere seg gjennom the high life blant glam-modellar og høg champagneføring: Nicolai Strøm Kvifor? Etter at han måtte droppe SognaCon for å vere fotograf på ein photoshoot med ein skokk modellar ei heil helg, kjenner eg at det er han eg ville hatt gåande framfor meg, med bukseselene sine og den kule hårsveisen.

I livet sitt store eventyr: Då må eg nok ditche heile gjengen og halde meg til kåna mi som har vore medskapar på eit av dei mest livsnære og fantastiske rollespelet eg har vore borti. Ekteskapet vårt. (Shit, det vart cheesy.)