Two Starving Gnolls
Jarle Haktorson og Even Vinjor Røssland er Two Starving Gnolls — ein speldesign-duo frå Kvinnherad som har laga mørke verder sidan dei oppdaga Call of Cthulhu i 1992. No jobbar dei med alt frå det demoniske social deduction-spelet «The Possessed» til det Lovecraft-inspirerte «Shadows over Port Royal» — med legendariske Earl Geier på illustrasjon. I dette intervjuet fortel dei om okkult inspirasjon, mislykkast eksperiment og kvifor Fiasco alltid er med på hyttetur.
Ingen søvn, berre glede: Two Starving Gnolls lagar mørke verder frå Kvinnherad
Jarle Haktorson og Even Vinjor Røssland er Two Starving Gnolls — ein speldesign-duo frå Kvinnherad som har laga mørke verder sidan dei oppdaga Call of Cthulhu i 1992. No jobbar dei med alt frå det demoniske social deduction-spelet «The Possessed» til det Lovecraft-inspirerte «Shadows over Port Royal» — med legendariske Earl Geier på illustrasjon. I dette intervjuet fortel dei om okkult inspirasjon, mislykkast eksperiment og kvifor Fiasco alltid er med på hyttetur.
🧍 Si litt om hvem du er – i og utenfor rollespillenes verden!
Me er Two Starving Gnolls; Jarle Haktorson og Even Vinjor Røssland. Me bur i Kvinnherad kommune; ein okkult plass langt frå sivilisasjon og fredeleg nok til å lage mørke verder.
🎲 Hvorfor begynte du med rollespill – og hvorfor fortsatte du?
Det begynte vel med «Skatten i Monsterfjellet» ca. 1986, før me oppdaga D&D (på norsk) ca. 1988, før me gjekk over til AD&D (2nd ed). ca. 1990. Intensiv, altoppslukande speling av AD&D fram til 1992, når Call of Cthulhu opna augo våre for ei ny verd, og har sidan den tid spelt alle typar rollespel.
🛠️ Hva mekker du på for tiden?
Som vanleg; alt for masse. Har teaser ute for «The Possessed»; eit social deduction spel der ein av spelarane er besatt av ein demon, og der dei andre skal prøve å hjelp den besatte, eller hjelpe demonen (The Possessed - A dark social deduction game by Two Starving Gnolls — Kickstarter). I tillegg gjer me oss klare til å sleppe teaser til «Shadows over Port Royal», som er eit Lovecraftian adventure inspirert av Chaosium sine Call of Cthulhu-eventyr på 1990-talet (me har til og med fått med oss Earl Geier på laget; illustratøren til klassikarar som Masks of Nyarlathotep og Horror on the Orient Express). I tillegg jobbar me med to andre brettspelprosjekt, me lagar eventyr og supplement til vårt eige rollespel The Exorcist's Codex (Two Starving Gnolls) og skal snart sleppe ein stor nyheit angåande endå eit rollespelprosjekt. Med andre ord; ingen søvn, berre glede.
🧪 Fortell om et rollespillrelatert eksperiment du har gjort!
Me prøvde for nokre år sidan å lansere «skill cards» for D&D 5e; det blei ingen suksess. Tanken var at sidan det eksisterer crit/fail-cards for combat allereie, ville me lage tilsvarande for skills. Så når ein trilla umodifisert 1 eller 20 på ein viktig skill check, kunne ein trekkje eit kort frå tilhøyrande skill-bunke, og så ville noko spennande skje. Me synes det var veldig kjekt å lage (og spele med!), men det slo ikkje an. Kanskje me prøver ein re-lansering seinare.
🎲 Hva tenker du ville vært effekten av en innkjøpsordning for rollespill?
Det ville vore gull; ikkje berre for alle i Noreg som gir ut rollespel, men også for eit langt større publikum som får moglegheita til å oppdage og oppleve gleda med rollespel.
🎮 Hvilket spill syns du flere burde prøve?
Fiasco. Me reiser ein gjeng på hyttetur eit par gonger i året, og Fiasco er alltid med som «opningsspel» første kvelden. Det som skjer i Fiasco, kunne ikkje skjedd i andre rollespel.
🧭 Hvilken norsk spillskaper ville du helst dratt med på eventyr, og hvorfor?
Me tek med oss alle i Noreg til eit gotisk slott i Romania for å fortelje eventyr, spele spel og la alle bli inspirerte til å skape nye historiar.